Tre timar i Göteborg er nok til kaffi og ein liten tur, ikkje meir. Ikkje prøv å koma til Liseberg.
Eg går som regel ut sørsida av stasjonen, langs Drottningtorget, ned mot Brunnsparken. Da Matteo gjer god kaffi. Vidare langs kanalen til Stora Saluhallen om eg er svolten.
Tilbake på stasjonen 25 minutt før avgang. Aldri 15. Sporendringar er hyppige her.
Markus skriv frå Oslo, av og til frå tog.