Tysdag
19. mai 2026
Nr. 17 · 2026

Skjenelangsmed Markus

Tognett
ut av Noreg
skjenelangs.no
Nyhende

Velkomen til Skjenelangs

Ei heim for deg som er nysgjerrig på tog.

Bilete av ein togperrong med sterkt solljos på midten. Det er eit SJ-tog på venstresida og eit Snälltåg på høgre side av perrongen. I midten står ein person med sekk på, han er på veg ombord i SJ-toget.
Soloppgong på Malmö Centralstation

Hovudfokuset for denne sida kjem til å vera guidar som eg skriv for deg som har lust å vera ekstra godt førebudd før du reisar ut langs skjenene.

Før sumaren kjem den fyrste guiden, nemleg “Skjenelangs til Hamburg”. I denne guiden tek eg deg med frå Noreg ut til sjølve inngongsstasjonen til Europas breie tognett.

Håpet er at du ved den guiden skal klare deg frå kor som helst i Noreg og kome deg ut til der det verkeleg byrjar å skje.

Har du lurt på kva tog du burde ta? Kor du handlar billettar? Kanskje har du lurt på kva sida av toget du burde sitte på, eller kortaste veg til toalettet på ein ny togstasjon? Dette og meir blir å finne svar på i “Skjenelangs til Hamburg”.

Markus skriv frå Bergen, av og til frå tog.