Skjenelangs til Hamburg
Frå Oslo S til Hamburg Hbf på to dagar, med overnatting i København. Tre tog, to grensar, ein vinkjellar i Altstadt.
Frå ende til ende
Stoppestadar
-
1Oslo SNOavg 07.32Avgang frå spor 6. Vy / SJ EuroNight skjeldsam alternativ kveld før.
-
2Göteborg CSEank 11.04 · avg 11.32Byte på same plattform. SJ 3000-toget held til på spor 4.
-
3Malmö CSEank 14.41 · avg 14.55Sjølv om Öresundståg går vidare, kan ein gå av her for kaffi.
-
4København HDKank 15.34Overnatting. Vidare neste morgon med EC 33 til Hamburg.
-
5Hamburg HbfDEank 13.27 (dag 2)Direkte rute via Fehmarnbeltferja, eller via Jylland.
Detaljert om kvar stasjon
Oslo sentralstasjon
Nyttig
Utforming
Når du kjem til Oslo S er det lett å bli geleida opp mot hovudhallen kor all informajonen om spora står. Alle perrongar og spor fins “bak” skjermen, og strekkar seg frå spor 1 heilt til venstre, til spor 19 heilt mot høgre. På ytterkanten av spor 19 finner du óg buss-for-tog.
[legg til bilete av Oslo S sin hall]
Toalett
På Oslo S må ein betale for samtlege toalett, og dei er alle av ymse kvalitet og renhald. Om ein et på ein restaurant så får ein kanskje tak i eit noko penare toalett.
Om du ikkje er vant til å nytte toalett på eit tog i fart, eller du er bekymra for litt vel trange togtoalett, så anbefalar eg å nytte toalettet her. Det kostar kanskje penger, men dei er ofte heilt greie og fint posisjonert.
Ved rulletrappa ned mot gamle Østbanehallen fins eit toalett kor du kan tæppe deg inn til toaletta.
Mat
Det er fleire alternativ for mat på Oslo S, spesielt om du er her på dagtid. Kjøpesenteret Byporten er i same bygg som Oslo S, så du får ei lang rems med stadar å handle inn kva enn du ynskjer.
Bygget har matbutikkar, kioskar, kafear, bakeri, fastfood, og restaurantar. Så det skal ikkje stå på at det ikkje fins noko mat på Oslo S. Eg anbefalar å handle inn mat frå ein matbutikk då dei er rimelege og du kan få handla mat, drikke, og snacks på same plass.
Om du skal vidare til Gøteborg skal du sitte på eit tog i litt over 3 timar og 30 minutt. Skal du i heile vegen til Malmø utan bytte så er det om lag 6 timar og 40 minutt. Skal du reise med Vy så har du tilgong på kaffimaskinar i dei fleste vognar, samt vareautomatar som selgjar mest snacks og drikkevarar. Reisar du med Snälltåget så har du tilgong til eiga kafévogn.
Eg plar på på ein matbutikk og handle med meg nokre nøtter, ein pose bollar, ei flaske “gøy” drikke (til dømes brus) og ei flaske vatn.
Sitteplassar
Det er ikkje store mengdar sitteplassar på Oslo S som er gratis. Det fins dog eit område sitteplassar med stikkontaktar ved utgongen ned til spora 17-19. Same plass kor toget til Gøteborg/Malmø går. Her er det nesten alltid fullt. Eg anbefalar å heller gå på ein kafé for ein kopp kaffi og noko å bite i om du treng ein plass å kvile beina.
Baggasjeoppbevaring
Om du skal ut og sjå på Oslo mens du ventar på neste tog så fins det skap i fyrste etasje av Oslo S, det er OK skilta mot dei så du burde finne vegen.
Prisen kan vera høg, men du sleppar å drasse på koffort eller sekk mens du utforskar nærområdet i Oslo. Det er ikkje lange vegen opp til Stortinget og Slottet, så du kan rekke å få sett nokre lokale attraksjonar før du må ta toget vidare.
Nærområdet
Oslo S ligg i Bjørvika, rett ved Deichmanske bibliotek og Oslo operahus. Operahuset er fint å sjå på frå utsida, og du kan til og med gå opp på toppen av det for å få litt meir utsikt over Oslo. Dette anbefalast ikkje om det er kaldt og glatt ute, då brorparten av operahuset blir veldig glatt når det blir glatt.
Går du ut av Østbanehallen og ut på Jernbanetorget kjem du nesten rett på Karl Johan. Her kan du gå opp over ei av Noregs mest travle handlegatar. Østbanehallen i den eine enda og Slottet i den andre.
Har du ein del tid før toget ditt går det masse buss og trikk frå Jernbanetorget som tek deg rundt om i Oslo. I tilegg har Oslo S eiga T-banestopp.
Finne toget
Vy - RE20
RE20 mot Gøteborg / Malmø er eit populært tog, spesielt på den norske sida. Her er det fullt av pendlere og andre som reisar lokalt på austlandet. Difor er toget ofte fort fullt, og då det er få moglegheiter for setereservasjon så burde du koma deg til sporet 20 minutt for avgong for å vera sikker på at du får deg ein plass du er nøgd med. Ei av vognane på toget har seter som kan vera reserverte, og dette er markert på utsidan av toget, så det er berre å gå vidare til neste vogn.
RE20 plar gå frå spor 18. Dette er lengst mot Operahuset, i motsatt ende av Østbanehallen. Om du står midt på Oslo S og ser på den store tavla over fleire av perrongane, så skal du gå mot høgre. Her må du følgje med på sporendringar, enten på tavla, eller via NÅ-appen til BaneNor.
Snälltåget
Dette toget frå svenske Snälltåget har ikkje byrjar å gå enda mens eg skriv dokumentet, og difor har eg diverre få erfaringar å dele her. Følg med på sida mi for oppdateringar til teksten som går i detalj om Snälltåget.
Eg har dog tatt Snälltåget i Sverige og Danmark og kan seia at kvaliteten på interiør er lågare enn å forvente frå Vy. Samtidig så kan du få veldig billege billettar her, og togsetta er faktisk laga for så lange togturar som dette. I motsetning til Vy som køyrar regionale tog på strekket.
Göteborg centralstation
Göteborg er i skrivande stund i ei større oppdateringsfase. Det skal kome nye underjordiske spor i desember 2026. Informasjonen under er difor ikkje naudsynt korrekt dersom du leser dette i den tid.
Nyttig
Toalett
Toalett er i underetasjen av stasjonen og må betalast for som dei fleste andre togstasjonar. Eg tykkjar ikkje toaletta her er noko fine, dei manglar ofte såpe eller papir, og er ikkje særleg reine. Eg føretrekk å vente på neste tog som på minimum har same problem, men iallfall er gratis.
Dametoaletta er ikkje like gale som herretoaletta.
Mat
Stasjonen her har mange kioskar, kafear, og nokre restaurantar. Her er nok kioskane det enklaste å gå for då nokre av dei er veldig store, du kan betale i sjølvkasse, og dei ligg rett ved togspora.
Om du har meir tid kan du gå mot kjøpesenteret Nordstan som ligg over vegen frå togtasjonen. Dette er eit stort kjøpesenter som har det meste. I andre etasje er det fleire spisestedar det er greitt å ta med baggasje inn for å ete ved. Om det er for seint på kvelden kan det opplevast ubehageleg å gå hit då det er eit populært sted å henge.
Det fins matbutikkar i nærområdet rundt togstasjonen.
Baggasjeoppbevaring
Dei beste skapa for bagasje fins nede ved toaletta. Her er det mange skap du kan betale deg inn i. Det fins òg nokre skap i hovudetasjen av stasjonen i nærleika av togspora, men desse skapa er i mi erfaring litt for små. Samtidig kjens det mindre trygt å hasselere med bagasjen her då du står midt i stasjonsbygget og mange personar går forbi i alle retningar.
Du betalar for oppbevaring med kort på nokre maskinar som er tydelege når du kjem ned til skapa.
Toget vidare
Båe Öresundståg og SJ kan ta deg vidare mot Malmø eller København. Då Göteborg C er ein relativt liten stasjon, med perrongane nære kvarandre, anbefalar eg deg å finne ei tavle inne for å bekrefte togspora dine då eg ikkje tør love eit spesifikt spor.
Öresundståg
Öresundståg kan ta deg heile vegen til København frå Gøteborg. Dette er eit veldig behageleg tog som går sørover med fleire stopp før København, inkludert Malmø.
På Öresundståg er det ikkje mogleg å reservere seter, noko som er ein draum for interrail då det berre er å finne seg ein plass. Om du reisar med enkeltbillett kunne det vore greitt å kunne sikre seg ein plass på forhand, men toga er store og i Gøteborg er det ofte greitt å finne seg ein sitteplass. Eg anbefalar deg å ikkje nytte for lang tid, og heller sette deg ned med ein gong du er nøgd.
OBS Det fins alikevel to forskjellege klassar, 1. og 2., og du må sjekke at du sitter på ein klasse du har tilgong til med din billett.
SJ
Frå Göteborg C har SJ lyntog (eller snabbtåg) til Malmö C. Dette er mi anbefaling for strekket. Toga er samenliknbare i pris til Öresundståg, men det går mykje fortare til Malmö og komforten er i ein anna klasse.
Om eg skal verkeleg slappe av på turen så er det gjerne dette toget eg tek 1. klasse på for å verkeleg slappe av. Det er dog ikkje stor forskjell i komfort mellom 1. og 2. klasse, anna enn noko gratis drikke og snacks, og bittelitt breiare seter.
REisar du med 1. klasse fins det ein lounge over stasjonen kor du kan få tak i gratis kaffi og noko snacks. Du låsar deg inn med togbilleten din.
Vy
Vy er toget du tek til Oslo. Det er oftast på eit spor rett ut hovudinngongen til stasjonen. Her er det berre å leite etter det vante grøne toget som minnar deg på at du snart er heime.
Etter lengre togferiar i Europa følar eg meg alltid heime når eg ser toget mot Oslo her, det er jo nesten norsk jord å gå ombord i eit norsk tog!
Dette er same tog som tok deg til Gøteborg.
Snälltåget
Snälltåget går båe mot Malmø og Oslo, men er eit heilt nytt tibod per juni 2026 som eg enda ikkje har kartlagt.
Malmø centralstation
Nyttig
Toalett
<sjekk under turen seinare i vår>
Mat
Malmø C har matvarebutikk, kioskar, kafear, og restaurantar. Stasjonen er i seg sjølv ikkje så veldig stor, men det fins alikevel mange plassar å få seg mat.
Matevarebutikken her inne er veldig hendig for å fylle opp sekken med det du skal trenge. Om du skal overnatte her, berre over brua til København, opp til Gøteborg, eller heile vegen vidare til Oslo eller Hamburg.
Baggasjeoppbevaring
<sjekk under turen seinare i vår>
Hotell
Det fins fleire hotell i nærleika av Malmö C. Her er det berre å finne fram din favorittapp for å booke hotell og finne det som er i ditt budsjett.
Min personlege favoritt er Moment Hotels. Det er nokre minutt spasering på andre sida av elva mot sentrum. Små rom, men rimlege og høg kvalitet.
Toget vidare
SJ
SJ sitt lyntog til Göteborg C går frå hovudetasjen. Reisar du med 1. klasse fins det ein lounge nærma spora kor du kan få noko gratis drikke og noko å bite i. Du låsar deg inn med togbilleten din.
Snälltåget
Mot Oslo
Toget mot Oslo er nytt, og eg veit diverre lite om det i skrivande stund.
Mot Tyskland
Frå Malmö C kan du ta Snälltåget sitt nattog heilt til Hamburg. Faktisk heilt til Berlin om du så ynskjer.
Toget plar dra frå ein av perrongane i hovudetasjen. Merk deg at Snälltåget er eit veldig langt tog, så her må du ha sjekka vognnummeret på billetten din slik at du kjem deg til riktig vogn før du går ombord. Les skilta på perrongen så får du ei peikepinn over kor på perrongen vogna di er. Dette er markert med alfabetiske seksjonar (A, B, C, osb.).
Du kan så klart alltids finne vegen til plassen din gjennom toget, men det er mykje meir behageleg for båe deg og dine med-passasjerar om du går inn i riktig vogn med baggasjen din.
Toget er ofte forsinka inn til Malmø, og inn til Hamburg/Berlin. Men sjølv om det er forsinka så har du god tid til å gå ombord og finne plassen din. Finn ein av dei tilsette ved perrongen og vis billetten din, så slepper du å bli vekka seinare for å vise billett.
Merk deg at om du har sovekupé her så er rommet ditt opent, og du går berre inn og lukkar døra. Du får ikkje noko eiga nøkkel eller anna adgongskort.
Ankommer du Malmø med Snälltåget frå Oslo så får du beskjed over anlegget om kor neste tog går, og det skal vente på dykk om de er forsinka.
Öresundståg
Öresundståg sine tog mot båe København og Gøteborg går frå underetasjen av denne stasjonen då hovudetasjen er for tog som enten er for lange eller har Malmö som ein endestasjon.
Les på tavlane før du går ned så kjem du deg til riktig perrong.
Eit tips om du berre skal til København så er Öreundståg som lokal kollektiv å rekne. Du kan nytte Skånetrafikken sin app for å handle billett så slepper du å binde deg til eit gitt tidspunkt for reise.
Ekstra tips
Skånetrafikken har eit eiga pass for dei som pendlar mellom Malmø og København. Dette passet gjelder for dei fleste tog og bussar over Øresundsbrua og er veldig hendig å ha dersom du har tenkt å bu i den eine byen, og besøke den andre.
Hovedbanegården København
Nyttig
Toalett
Her må ein betale for toaletta, og dei er heilt OK.
Mat
Her fins det fleire kioskar, nokre bakeri, og noko fastfood. Ingenting som er meget å skrive heim om, i mi meining. Det er dog ikkje langt til anna mat om ein har tida til det. Til dømes fins Tivoli rett over gata som har fleire matplassar langs sine ytreveggar.
Baggasjeoppbevaring
Her er baggasjeoppbevaringa vanskeleg å finne om du aldri har vore der før. Om du er flink i himmelretningar så fins det i underetasjen mot vest. Mest sannsynleg så skal du opp trappa frå perrongen du ankom på og så ta til venstre for å kome til baggasjeoppbevaringa ned ei trapp. Det fins eit lite bakeri og ein heis for rullestol du skal gå mellom.
Det fins mange skap til baggasje, og om det er fullt så kan du óg få baggasjen din tatt hand om av personale der som puttar baggasjen inn på eit lagerrom kor berre dei har tilgong. København er stort og eg anbefalar å leggje att bagasje her om du har noko gåing du har lust å gjere før du skal ta toget vidare.
I nærleika
Tivoli er bokstaveleg talt rett ut hovudinngongen på stasjonen. Du må krysse ein veg og så er du ved ein av utgongane til Tivoli. Her kan ein rekke nokre rundar med berg-og-dalbane om ein har eit lengre opphald før toget vidare. Du må betale for inngongen i tillegg til enkeltbillettar for kvar attraksjon.
Ved hovudinngeongen til Tivoli fins óg ein LEGO-butikk.
Hamburg hbf
OBS! Det fins fleire togstasjonar i Hamburg. Det er godt mogelg at dine tog skal gå gjennom fleire av desse stasjonane på veg til eller frå Hamburg, så pass på at du går av på riktig stasjon. Dette blir annonsert, så det skal ikkje vera noko problem.
Nyttig
Dette er sin skikkeleg stor togstasjon, spesielt fyrste gong ein kjem hit. Det er veldig mange spor og perrongar, fleire trappar opp og ned, og mange inn- og utgongar av stasjonen.